GODT SKUSSMÅL: Petter Wabakken har svært høg forskingsmoral, han er pinleg nøyaktig med detaljane og fortel kva han veit - og ikkje veit - basert på data. Arkivfoto: Rolf Arne Moen
Høgskolen er stolt over Wabakkens arbeid
På side 2 torsdag 30. april
Over lengre tid er Petter Wabakken vorten utsett for personlege åtak i samband med si rovviltforsking. Seinast 15. april er han i Østlendingen og Hamar Arbeiderblad angrepen av formannen i Hedmark Sau og Geitavlslag. Felles for dei fleste åtaka er at dei tek Wabakken for det dei trur han har sagt og skrive - ikkje for det Wabakken og kollegaene hans verkeleg har sagt og skrive. Høgskolen i Hedmark har tre hovudoppgåver, undervisning, forsking og formidling. Tilsette skal ta del i samfunnsdebatten på sine fagfelt. Me vil her seia litt om forskinga og formidlinga til Wabakken.
Forsking: Ordet forskar er fritt og mange seier dei eller andre forskar på so mangt. Frå Noregs forskingsråd kan forskingskvalifiserte søkja og få midlar. Forskingskvalifisert er den som har teke doktorgrad eller som er funnen kvalifisert til ei fyrsteamanuensisstilling av ei uavhengig forskingskvalifisert nemnd. Eitt viktig krav er solid forskingsproduksjon. Wabakken er forskingskvalifisert.
Forskinga til Wabakken er prega av solide data - og av samarbeid med andre velvyrde fagfolk. Wabakken er forfattar og medforfattar av 29 internasjonale vitskaplege publikasjonar. Nokre av artiklane er skrivne i dei mest prestisjefulle internasjonale tidsskrifta. Dette er tidsskrift som trykkjer berre dei aller beste arbeida. Å få artiklar inn der er for forskarar som å vinna medalje i olympiaden.
Forsking er ein dynamisk prosess som til ei kvar tid skal skaffa fram best mogeleg kunnskap. Ofte har ein berre litt informasjon som må tolkast for at me skal forstå kva som går føre seg. Vitskaplege arbeid er skrivne slik at ein kritisk lesar kan sjå korleis data er innsamla og korleis data er handsama og tolka. Wabakken si forsking og rapportane hans er skrivne slik at lesaren kan kontrollera korleis han har kome fram til konklusjonane sine. Me inviterer kritikarane til våre biblioteksbasar for å lesa det han har publisert.
Formidling og deltaking i samfunnsdebatten: Kunnskapsdepartementet vil at tilsette på universitet og høgskular skal formidla kunnskap og delta i samfunnsdebatten. Å koma med kunnskap som nokon ikkje likar, kan verta svært ubehageleg for vedkomande som kjem med kunnskapen. Som ei fylgje av dette sit mange forskarar i sine elfenbeinstårn og er heilt anonyme utanfor det spesialiserte fagmiljøet. Fleire av åtaka på Wabakken har kome etter at media har kontakta han med spørsmål, gjerne om noko som er publisert i rapport eller tidsskrift. Me er takksame for at han svarar - og ikkje berre seier det lett-vinte ingen kommentar som ville spart han for ubehag.
Eit søk på Wabakken i vår forskings- og formidlingsbase, Forskdok, gjev 244 treff. Han har registert berre ein del av formidlinga si - mange radio- og TV-intervju og foredrag på møte er ikkje registrert. Wabakken er slik me og departementet vil at høgskuletilsette skal vera, han populariserer, let lekfolk få del i kunnskapen og han deltek med innspel i debatten på fagfeltet sitt. Han uttalar seg uredd om kontroversielle tema, men er pinleg nøye med å uttala seg korrekt ut frå dei data han har. Han er eit føredøme.
Ei rolle - forskar: Wabakken har i ein periode arbeidd med rovviltforvalting. Det er eit stort pluss når han skal undervisa om forvalting. Det kan vera ei ulempe at folk som ikkje føl med, trur at han framleis er ein forvaltar. Han slutta som forvaltar i 1997 og har sidan vore lærar og forskar. Wabakken si rolle er no å undervisa og skaffa fram ny kunnskap - om både rovvilt-biologi og rovviltforvaltning. Hans rolle er ikkje å skaffa kunnskap i tråd med det stortings- og formenn ynskjer, det er hans rolle å finna ut korleis det verkeleg er.
Sluttord: Tilsette ved Høgskolen i Hedmark skal delta i samfunnsdebatten med den kunnskapen dei har forska fram. Det er eit oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Å delta i samfunnsdebatten er krevjande fordi kompliserte saker må forenklast for at media skal interessera seg for dei.
Forskarar kan ogso gjera alvorlege feil, dei kan dikta data, dei kan tolka og vri data for å få det resultatet dei eller pressgrupper vil ha. Det er forskingsjuks. Det er svært alvorleg og høgskulen har fokus på forskingsetikk. For oss i høgskuleleiinga er det gildt å registrera at Wabakken har svært høg forskingsmoral, han er pinleg nøyaktig med detaljane og fortel kva han veit - og ikkje veit - basert på data. Han viser kva premissar han byggjer på når han uttalar seg om slikt ingen kan vita heilt sikkert.
Vår bøn til deltakarar i rovviltdebatten: Ver like nøyaktige som Wabakken. Drøft det han seier og skriv, ikkje det som de trur han seier og skriv. Kan de ta han i noko fagleg, vil han læra og verta glad. Me er stolte over å ha forskarar som bidrar med kunnskap i samfunnsdebatten.
På side 2,
Torstein Storaas og Lise Iversen Kulbrandstad,
prorektor og rektor, Høgskolen i Hedmark
Her kan du fritt komme med dine synspunkter, men det må skje under fullt navn. Da blir det mer interessant for andre som følger debatten eller deltar i den. Vi krever også en respektfull og saklig tone. Trakassering, hatske utfall og trusler aksepterer vi ikke, heller ikke personangrep og avsporing av debattene. Falske profiler vil også bli utestengt.