«Smartare saman!»

Av
DEL

Meninger
«Elefanten i rommet» kalles det alle ser men ingen snakkar om. Kommunestrukturen er «elefanten i rommet». Tenestene som kommunen tilbyr blir stadig meir spesialiserte og må organiserast på nye og meir effektive måtar. Telefonsentralen og hesjene er for lengst borte. Arbeidsplassane i distriktene formar seg etter utviklinga.

Heile landet er no i gang med ein kommunereform. Små kommunar slår seg saman og blir større, store kommunar slår seg saman og blir endå større. Det må jo ligge ei gevinst bak at dette skjer.

I vår eigen region nevnest dette knapt. Toget for kommune-Norge, slik vi kjenner det, er i ferd med å gå i frå oss.

Det er tre viktige argument for å slå saman kommunar. Desse tre argumenta er økonomi, velferd og demokrati.

Økonomi er eit omstridt argument. Det er lett å tenke at ein større organisasjon er billigare å drive enn mange små, og at ein administrasjon i staden for tre eller fem kan gi store besparelser. Tal frå SSB tyder motsatt. 1% besparelse konkluderte SSB med. Sjølv om det gis økonomisk premiering for å stimulere eller lokke kommunane til å slå seg saman (nok til ein svømmehall om vi får med f.eks. Tolga) er ikkje dette eit argument som bør vege tungt. På den andre sida viser det beskjedne innsparingspotensialet at ein sannsynligvis heller ikkje skal frykte tap av mange arbeidsplasser.

Velferd og demokrati er derimot viktigast. Kommunen tillegges stadig fleire spesialiserte oppgåver.

Noko av det kan løyses gjennom interkommunalt samarbeid. Det har vi mange eksempler på frå vårt eige distrikt. Legevakt, barnevern, avfallshåndtering, kommunal psykologteneste og no heilt aktuelt og framme i dagen; skatteoppkrevar. Lista over avanserte oppgåver for kommunen berre auker på.

Frå 1.mars 2019 hadde brått kommune-Norge ansvar for utdanninga til landets fastleger. For å være godkjent som utdanningsinstitusjon må kommunen ha ein spesialist i allmennmedisin som kan være veileder. Kor mange kommunar har eigentlig det? Her luktar det ei ny interkommunal løysing lang veg. At oppgåvene for kommunen auker på er ikkje sentralisering, men det motsatte. Det tilfører regionen oppgåver vi må løyse.

Framsida: Større arbeidsplassar gir sterkare fagmiljø, er meir attraktive og kan levere høgare spesialisert kompetanse.

Men dei interkommunale løysingane har også ei bakside. Dei er vanskelige å styre og er uforutsigbare på kostnadssida for den enkelte kommune. Er dei eigentlig berre eit tegn på at vi er for små?

Konklusjon; «Enten må politikarar lage store kommunar for å oppfylle store ambisjoner, eller staten ta over dei store oppgåvene og la dei små kommunane leve godt med sine små oppgåver.» (sitat: prof Jørn Rattsø, samfunnsøkomonisk institutt NTNU 2003)

Demokrati: Små kommunar kan lett gi ei følelse av at det er lett å påvirke, vegen er kort til medbestemmelse og muligheita for eit levande demokrati. Derimot er virkeligheita stadige habilitetsproblemer. Ei profesjonalisering og breidare rekruttering til kommunestyrene vil uten tvil auke nøytraliteten og truverdigheita.

Regionen: Er tyngden og krafta i alle småkommunane like bra som ein større kommune kunne fått til? Kan ein større kommune påvirke meir jernbane, vegbygging og anna infrastruktur?

Identitet: Identiteten vår er ofte knytt til staden vi bur, ikkje til sjølve kommunen. Tolga, Strømmen, Kvikne og Vingelen vil vere like sterke identitetsskaparar som dei er i dag.

Om vi kikkar inn i glasskula og forsøker å sjå regionen vår 20 år fram i tid veit vi svaret.

- Vi må ta tak i kommunestrukturen før nokon andre gjer det for oss.

Vi ønsker ein debatt om kommunestruktur no. Utfordringa går til dei andre partia. Vi vil høyre kva de meiner!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags