Luft og kjærleik i Innlandet

INNLANDET: Mange spennende muligheter i nye Innlandet fylkeskommune.  men lite hjelp fra regjeringen, mener artikkelforfatteren.  Foto: Bjørn-Frode Løvlund

INNLANDET: Mange spennende muligheter i nye Innlandet fylkeskommune. men lite hjelp fra regjeringen, mener artikkelforfatteren. Foto: Bjørn-Frode Løvlund

Av
DEL

Meninger
Neste veke skal fellesnemnda for Innlandet handsame mange og viktige saker for eit nytt storfylke. Det blir jobba hardt for å samkøyre to ulike organisasjonar, både politisk og administrativt. Ei av sakene er økonomiplan 2020-2023 og årsbudsjett for 2020 basert på det regjeringa så langt har lagt fram.

Visjonen for det nye Innlandet er «Nye utfordringar – større moglegheiter». Vi skal jobbe etter verdiane om å vere rause, inkluderande og moderne. Sjølv om fleirtalet i begge fylka stemde mot samanslåing vil vi gjere det beste ut av det. Fylkeskommunen skal ha ei mobiliserande og koordinerande rolle for samfunnsutviklinga og i samarbeidsavtala står det tydeleg at «Vi skal vere offensive og bygge opp ein moderne, framtidsretta og fleksibel organisasjon» og «Ved å styrke det regionale folkevalde nivået sikrar og vidareutviklar vi organisasjonen si kompetanse for å løyse større oppgåver og forsterke samfunnsutviklarrolla».

Vi meiner vi svarer på det regjering og Storting har bestemt og bestilt. Vi er klare for både nye oppgåver og det å ta eit større ansvar for eit berekraftig og klimavennleg samfunn. Det klarar vi ikkje berre på luft og kjærleik. Det trengs også økonomiske rammer som gjer at vi kan møte forventningar både frå statleg hald og frå kommunar og næringsliv.

Fylkeskommunen får nesten ikkje fleire oppgåver og vi må betale prisen for samanslåinga sjølve og får mykje mindre økonomisk handlerom

Regjeringa sitt forslag til kommuneproposisjonen for 2020 er nedslåande! Frå å vere to fylker med gode driftsresultat, relativt låg gjeldsgrad og pengar på disposisjonsfond ser det ut til at vi går ei trong tid i møte. Vi får 30 mill til samanslåingsprosessen, men den vil minst koste 90 mill. Det blir kutta i frie inntekter og rammetilskotet går ned og dette kan utgjere 45 mill. Jevnaker og Lunner går over til Viken og vil utgjere eit netto inntektstap på mellom 50 til 80 mill. I overføring av Sams vegadministrasjon vil ikkje regjeringa dekke dei reelle utgiftene til å utføre oppgåvene, men berre overføre budsjettmiddel for det talet på tilsette som faktisk blir overført frå Statens vegvesen. Kor mykje dette vil utgjere har vi ikkje tal på, men dyrt kan det bli! I tillegg vil fylkeskommunane få framtidige kostnader for tekniske løysingar IKT på mellom 200-300 mill. Det er fleire mindre postar det blir anten auka utgift eller kutt i overføring på i tillegg.

Med dette bryt regjeringa minst to av forutsetningane for regionreformen. Fylkeskommunen får nesten ikkje fleire oppgåver og vi må betale prisen for samanslåinga sjølve og får mykje mindre økonomisk handlerom. Dette vil gå utover elevane som skal gå på vidaregåande skule, det vil gå utover drift og vedlikehald av fylkesvegar, beredskap, omstilling til fossilfri kollektivtrafikk, minimalt med pengar til utbygging av breiband. Vi får stadig mindre pengar til å støtte næringsliv og utvikling, mindre til kultur, folkehelse og generelt tiltak vi meiner skal til for å bygge det nye fylket. Dei regionale utviklingsmidla er dei siste fem åra så redusert at det i praksis er lik null!

Skal vi få ut potensialet vårt kan vi ikkje drive på luft og kjærleik. Her må regjeringa levere i statsbudsjett for 2020

Innlandet har mange ressursar og vi ynskjer å jobbe med bioøkonomi for å styrke landbruk, reiseliv og industri mot ei berekraftig og teknologisk utvikling, cyber- og informasjonsteknologi og innovasjon i offentleg sektor for å nemne noko. Vi ynskjer å mobilisere gjennom nettverk og partnerskap og kommunane er våre viktigaste samarbeidspartnarar saman med næringsliv og forsknings- og utdanningssektoren.

I Europa snur dei seg no i større grad mot regionane og lokalsamfunna fordi dei ser at skal dei lykkast må dei ha med innbyggarane på laget, medan regjeringa i Norge sitt svar på alt er å slå saman, sentralisere og knipe det offentlege økonomisk.

Skal vi få ut potensialet vårt kan vi ikkje drive på luft og kjærleik. Her må regjeringa levere i statsbudsjett for 2020. Det må økonomiske virkemiddel til for å bygge eit nytt og sterkt Innland!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags