Ulvejakt

Av
DEL

Meninger
Første januar 2019 var D - dagen for ulvane i Slettåsreviret. Jakta var over ein og ein halv time etter at dyra vart oppdaga. Da var dei to dyra som var grunnlaget for ulv i Slettås og Trysilområdet avliva. Jakta vart utført av gode jegerar så her var det korrekt avliving. Men kor vart det av den tredje ulven?

Det var tre ulvar som var framtil hjorteinhegnet til Gjermundshaug like før jul, og ein som vart borte jaktdagen. Hadde han gjeve seg frå det såkalla alfaparet? I år var det snakk om å ta ut 29 ulvar frå region 4, og no er så vidt eg veit 14 dyr tekne. Slik står det no att 15 ulvar? Korleis skal ein finna dei når dei to revira Manger og Hobøl som har fleire dyr kvar som vil produsera ei avkomstrekke av nye dyr. Ulvetalet i dag og i vinter gir grunnlag for ulveangrepa kommande sommar, og dette vil bli sterkt aktivert av ulv frå Sverige. Der er det nok ”å ta av”, ca 300 dyr var registrert i 2017 og 2018. Dette blir det same i 2019. Sverige har ikkje ulvejakt i vinter.

Er det hundar som jagar og drep er hundelova klar, her har hundeeigarar erstatningsplikt

Samarbeidet mellom Noreg og Sverige om ulvebestanden bør kunne vurderast på nytt med dei store tapa og kostnadane i tankane burde dette utløysa ei nytenking. Korleis få til full kontroll på ein dyreart som gjennom alle tider har fått status som skadedyr? Per Flatberg i Naturvernforbundet har etterlyst nye tankar i rovdyrdiskusjonane. Kven kan koma med slike tankar, som kan verta godtekne av Naturvernforbundet og politikarane? Dette er eit ope spørsmål. I dei dyretragediane som kom i Tynset, Tolga og Rendalen i 2018 vart over 400 søyer og lam øydelagde. Tilsyn og kadaverleiting, sanking og henting av skadde dyr tok mange timar og dagar. Samanlagt utgjer det store utlegg for staten og sauebøndene. Men staten prøver å undra seg erstatningsansvaret! Er det hundar som jagar og drep er hundelova klar, her har hundeeigarar erstatningsplikt 100% for å godtgjera for skadane. Når ulv skadar og drep er saka annorleis. Ulv er eit villdyr utan eigar, men ulvane er freda av staten og miljøvernfansen og dyrevern tiltak for ulven. Dette er orsak til den vedvarande konflikten. Ein fastsett erstatningsplikt i lovs form kan endra dette.

Ulv vandrar inn frå Sverige. Ulvtalet i vinter er ca 320 dyr. Sverige søkte i 2017 om lisensjakt på ulv, og meinte å taka ut 150 dyr. Da sette EU foten nedog gav Sverige ordre om å la vera, elles ville EU ta Sverige inn for EU domstolen. Dette endte med at Sverige endrar talet til 30 dyr av 300. I År er det ikkje ulvejakt i Sverige. Fryktar at dette kan bli verre enn i 2017 og 2018. Huff!

Skriv ditt leserbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppfordrer leserne til å bidra med sine meninger, både på nett og i papir

Artikkeltags