Om du bryt ein fot eller skal føde eit barn, treng du å få plass på eit sjukehus og som oftast er dette ordna innanfor ei tidsramme som er grei å berekne. Om du blir psykisk sjuk er det ikkje like lett å berekne kor lang tid du treng for å blir frisk nok til å kome heim att.

Vi erfarer også at stadig fleire slit psykisk, både unge og eldre. Det er nok fleire grunnar til det, men like fullt må ein få den hjelpa som skal til for å kome seg på føtene att. Likevel er sparekniven kvass og kapasiteten sprengt innanfor psykiske helsetilbod. Psykiatriske sjukehus blir målt etter kor mange dei behandlar og etter kor fort dei får skrivi ut pasienten. Innanfor rus var det tidlegare langtidsplassar på opp til 15 månader for dei som hadde bruk for det, men i dag er dette på maks 3 uavhengig av om pasienten er klar for å ut att eller ikkje. Dette fører til større belastning på den det gjeld og på kommunane, som ikkje har den fagkunnskapen som sjukehuset har.

Frå 2017 vart plikta til kommunane om å tilby øyeblikkeleg hjelp døgntilbod utvida til å gjelde pasientar med psykiske lidingar eller rusproblem, men dette har ikkje gjeve større kapasitet i mange kommunar. Når også stadig fleire sikkerheitsplassar tek kapasiteten for andre utan at det blir eit utvida tilbod, fører dette til at stadig fleire får mindre hjelp. Det fører også til ei stadig meir pressa spesialisthelseteneste som må skrive ut pasientar raskare for å kunne ta dei akutte inn. Dette skapar stadig fleire reinnleggingar. Noko det ikkje pr dags dato blir ført noko statistikk for.

Dersom ein kunne styrka FAKT-modellen, som er eit oppsøkjande team som fylgjer opp pasientane heime, vil ein kunne forebygge reinnleggingar. Tenestene må koordinerast mykje betre enn dei blir gjort i dag om ikkje pasientane skal falle mellom alle desse berømmelege stolane. Det handlar om medisinering, økonomi og elementære ting som skal meistrast. Det handlar også om pårørande som skal makte kvardagen.

Vi har i dag ventelister på opp mot 8 månader for denne pasientgruppa. Dette gjer at kommunar må kjøpe dyre, private tilbod som det offentlege må betale. Da må det vere betre å styrke det offentlege helsevesenet vi har, slik at dei kan ha kapasitet nok til å sikre og ferdigbehandle pasientane med ei forsvarleg pasientbehandling innanfor den juridiske fristen for helsehjelp.

Det er med bekymring vi ser korleis det blir planlagt med mindre sengekapasitet. I 1990 hadde vi 8000 institusjonsplassar i psykiatrien, i dag er det ca 3000. Fersk forsking viser også at talet på sjølvmord etter utskriving frå psykiatrisk sjukehus har auka og det kan tyde på at dei blir skrivi ut for tidleg.

Pasientane blir ikkje borte eller friskare av politiske vedtak om nedskjering og effektivisering. Fleire helseforetak har nå planar om å selje store psykiatriske sjukehus for å finansiere andre delar av drifta. Her må vi tenkje oss om og vurdere nøye om dette er det klokaste å gjere for denne pasientgruppa.

Vi treng meir sengekapasitet, skjerma miljø, fleire hender, meir kompetanse og tverrfagleg arbeid innan den offentlege helsetenesta og psykiatrien, både i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Det er for mange ledd i dag som ikkje snakka,r saman så dette må koordinerast betre. Det er bra for pasienten, for dei pårørande, for dei tilsette og for samfunnet.

Aud Hove, Senterpartiet
Fylkesvaraordførar, Innlandet