Gå til sidens hovedinnhold

Vi må oppvurdere bøndene sin innsats

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Koronapandemien syner korleis verdssamfunnet deler lagnaden av famling i det ukjente. Vi står med ein liten, open økonomi i ein global samanheng. Beredskap har med å tenkje seg det utenkjelege, førebu seg på at det kan skje. Beredskapsplan for mat, korn, såvarer og fôr, som del av ein nasjonal beredskaps- og kriseplan, står ikkje i motsetnad til internasjonal handel og samarbeid.

Som i heile Europa, har vi i Noreg gjort oss avhengige av billige, flinke utanlandske sesongarbeidarar. Dei kan ikkje enkelt erstattast. Merksemda på matforsyning og matproduksjon, allsidig arbeidskraft og kompetanse, og livskraftige lokalsamfunn må aukast. Kriser rammar dei mest sårbare hardast. Medmenneskeleg blir vi sette på prøve. Samarbeid i det nære, nasjonalt og globalt er avgjerande.

Tørkeåret 2018 synte at bønder på mindre bruk klarar seg best og er mest fleksible, med drift tilpassa ressursane. Ein bøling på 100 dyr, er ikkje lett å frakte til utmarksbeite. Med aukande pris på leigejord, grovfôr og kraftfôr, og stor gjeld, blir det ugreitt. Menneske med ansvar for dyr og jord spør seg om dei orkar drive jordbruk vidare, når ekstremvêr øydelegg for avling og dyr. Sjølvforsyninga går ned. Vi kan ikkje ha lit til jordbruksområde i andre land som vi har støtta oss på ved import. Dei kan trengje maten sin sjølve. Da hjelp det ikkje å vifte med pengar. Nokon må produsere maten.

Økologisk og sosial berekraft må sjåast under eitt. Det grøne skiftet gjeld både sentrum og periferi, som fellesansvaret for å demme opp for aukande sosial og økonomisk ulikskap. Jordbruket må vera del av løysinga i heile Noreg, tilpassa ulike klimasoner. FN-rapportar påpeikar at omstilling må skje ut frå lokale tilhøve. Berekraft og klimamål må sjåast i samanheng og ikkje redusere eigen matproduksjon og sjølvforsyning. Fruktbar jord, naturmangfald og klima, dyrevelferd, folke- og dyrehelse heng i hop.

Mål i offisiell norsk jordbrukspolitikk er allsidig familiejordbruk i heile landet, med samfunnsoppdrag om å levere sunn og trygg, forsvarleg produsert mat i den ordinære produksjonen. Det må innebera:

  • Vi treng politisk betre samanheng mellom middel og mål, klimamål og berekraftsmål. For å få berekraftige produksjonar, må ein vurdere tilbod og etterspurnad, kva mat vi kan produsere og korleis. Det inneber lokaltilpassa jordbruk, og styrking av tilknytte verksemder i verdikjeda. Rekruttering, med særleg vekt på ny drift på nedlagde bruk, vil vera viktig. Med det allsidige, ikkje einsretting, kan vi vedlikehalde eit spreidd makt- og eigarskap.
  • Vi treng miljø- og klimatiltak for kvar enkelt gard, og teknologi i samsvar med ressursgrunnlaget og økonomien. Jordbruksutdanningane må satse på agroøkologisk, regenerativ drift, beitebruk og setring, med utviklings- og forskingsstøtte. Regionale planar for nærjordbruk krevst, med satsing på lokaltilpassa matplanter, skule- og parsellhagar, lokal omsetning, offentlege innkjøp av kortreist mat og bruk av mat som nå blir kasta. Praktisk matlaging må meir inn i skulen. Skulekjøken og kantiner kan knytast til skulehagearbeid. Innsatsen må aukast for å éta norsk mat, éta norsk i sesong og éta opp maten.
  • Vi treng å tydeleggjera kva jordbruket skal stå for som kulturberar økologisk, sosialt og økonomisk. Det gjeld òg setringa, som føreset at små- og mellomstore mjølkebruk over heile landet oppretthaldast, særleg i fjellbygdene. Kunnskap om og naudsynte tilskot til kulturlandskapsforvalting er viktig. Meir offentleg vektlegging av forpliktinga vår etter Konvensjonen for biologisk mangfald om å ta vare på heile naturmangfaldet, òg for mat og landbruk, må til.

Eit berekraftig norsk jordbruk inneberer ikkje ein økologisk utopi. Heller ikkje regelverk basert på klokketru på marknaden og ei altomfattande teknologisering. Bønder er omstillingsvillige, men kan ikkje dyrke det same i fjelltraktene som i Ringsaker, eller som i Spania. Jordbruk må sjå ein lang tidshorisont. Den tradisjonelle nøysemds- og naturbrukskulturen, som i fjelljordbruket etter krigen og framover, har bore i seg dette. God forvalting er godt miljøvern. Det skulle vera felles interesse for bønder, forvalting, organisasjonar og oss alle å finne løysingar for sunn og trygg mat, for kulturlandskap, miljø og klima, med føreseielege rammer og godt driftsgrunnlag. Vi må oppvurdere bøndene sin innsats. For matforsyninga og livsgrunnlaget er det allsidige familiejordbruket verdt å satse på.

Marie Aukrust

Kommentarer til denne saken